Eksamenstida er komen. Det er nå ein skal få prøve og vurdert ferdighetane og kunnskapen ein har tileigna seg det siste semesteret. For nokre er dette ei stressande periode. Andre lar ikkje eksamen gå innpå seg så mykje.

Sindre Dueland, Studentombodet på HVL

Studenttinget har bede meg skrive eit blogginnlegg med tips og triks for eksamen og sensur. Det blir nok ikkje så mykje triksing frå mi side, men tips finnes det meir enn nok av. Berre det å Goolge eksamenstips gjer at ein finn meir lesestoff enn pensum i det ein skal opp i.

Då eg sjølv studerte var kanskje nokke av det viktigaste rundt eksamen alt som ikkje hadde med fag å gjere. Om ein sit dagen før eksamen og ikkje kan stoffet ein skal prøvast i er det uansett ingen tips som kan redda ein. Då er det berre flaks det står på. Alt anna kan ein derimot gjere noko med. Her er Studentombodet sine fem tips til eksamen.

1. Sett deg inn i emneskildringa. Uansett kva fag du studerer og emne du skal opp i er det allereie definert kva du skal kunne. I emne- og studieplana er det gitt forskjellige læringsmål eller ein læringsutbytteskildring. Det er dette du må kunne på eksamen. Ikkje heng deg opp i ting i pensum du strengt tatt ikkje må kunne. Konsentrer deg om det som er viktig.

2. Fjern stressorar. Stressorar er små ting som er med på å gjere deg stressa. Det kan vere forskjellige ting, men ei viktig gruppe stressorar er ting du ikkje har oversikt over. Bortsett frå emnet er det fleire små stressorar du kan få kontroll over tidlig. Du kan for eksempel finne ut kvar eksamen skal vere ca. ei veke i forkant. Om du må ta buss kan du sjekke på skyss.no, kolumbus.no eller kringom.no kva buss du må ta for å vere fremme i tide.

Andre ting du bør ha klart så tidlig som mogleg er ein datamaskin som fungerer (om du har digital eksamen) med programma du treng, eit par pennar som du veit det går ann å skrive med, ein markeringspenn og ein liten dose sportsteip. Sistnemnte hjelp deg om du ikkje skriv med penn til daglig men skal ha fleire timar handskriving på eksamen. Om du har eit fast grep på pennen kan det vere greitt å ha sportsteip på fingrane – la de gå sport i eksamen!

3. Om du skal ha munnleg eksamen og slit med å få frem det du vil seie er det fleire ting du kan gjere. For eksempel kan du øve på å snakke føre ein spegel. Det er eit velkjent tiltak for personar som skal snakke føre forsamlingar, for eksempel når ein skal holde ein tale. Når ein øver føre ein spegel blir ein vand med seg sjølv. Då er det vanskeligare å bli engstelig føre andre.

På munnleg eksamen kan ein og ta med seg ein venn. Eksamen er offentlig, og eigentlig kan kven som helst vere med på ein munnleg eksamen. Om du tar med ein venn kan det være med på å holde deg rolig. Men, vennen din kan sjølvsagt ikkje hjelpe deg med å svare på spørsmåla.

4. Møt utkvilt til eksamen. Dei fleste har eksamen som byrjar klokka ni. For mange er dette og eit greitt tidspunkt. Men er du ein av dei som liker å sove til klokka ti på morgonen og tenker at det berre er éin dag du må tidlig opp – på eksamen? Då kan det vere ein idé å snu døgnrytmen allereie ei veke før eksamen.

Det er lettare å handtere eksamen om rammene er mest mogleg lik kvardagen. Om du må stå opp tidligare enn du er vant til kjem det til å gjere eksamen vanskeligare enn om du er vant med å vere på skulen tidlig.

5. Ta med skikkelig mat på eksamen. Skal du ha ein lenger eksamen er det lurt å ha med seg frukt, nokre lette grønsaker og anna mat med eit godt innhald av næring. Sjokolade og andre sukkerholdige varer fungerer dårlig på lange eksamenar. Ta heller med naturlig sukker i form av frukt. Då får du den næringa du treng. Og husk å ta med ei flaske med vatn.

Etter eksamen er det og nokre ting du skal vere klar over. Det er ikkje tips til eksamen men rammene for korleis du kan gå frem om du ikkje er nøgd med eksamensresultatet du har fått.

1. Sensur skal ta inntil tre veker. Så når det er gått tre veker skal du ha karakteren din.

2. Om du ikkje er einig i karakteren kan du be om grunngjeving eller klage. Studentombodet anbefaler at du ber om grunngjeving før du klager.

3. Du må be om grunngjeving innan ei veke* etter du fekk karakteren. Sensor skal vanlegvis ikkje bruke meir enn to veker* på å gi deg grunngjeving; men sensor har lov å bruke lenger tid om ho har god grunn for det. Det er og slik at det er sensor som bestemmer om grunngjevinga skal vere munnleg eller skriftleg.

4. Skal du klage må du gjere det innan tre veker* etter at du har fått eksamenskarakteren eller grunngjevinga for karakteren.

5. Du kan klage over både karakteren og over feil ved eksamen. Det er to forskjellige klagesystem som kan gi forskjellig utfall. Ta kontakt med Studentombodet om du har behov for meir informasjon om dette.

6. Om du har klaga gjeld ikkje sensurfristen på tre veker*. Då skal klagen handsamast innan rimelig tid. Om det tek lenger tid enn ein månad så skal du få beskjed frå HVL om det.

7. Om du stryk skal du få gå opp igjen til eksamen neste semester.

LYKKE TIL PÅ EKSAMEN

* PS: Fristar, som er bestemt etter veker ender på den dag i den siste veka som etter sit namn svarer til den dag, da fristen begynte at løype. Får du for eksempel karakteren på ein tysdag i veke 0 ender klagefristen på tysdag i veke 3.