Bli med!

Verv i styrer, råd og utvalg

Studenttinget velger studentrepresentanter til ymse styrer, råd og utvalg i Studenttinget og hos HVL. Dette er givende og varierte roller, der en har mulighet til å bidra med å representere studentene sine interesser. 

Hvem kan stille til valg?

For valg utført i samsvar med valgreglementet er det krav om at kandidater er studenter ved Høgskolen på Vestlandet (HVL) i valgsemesteret. Dette gjelder kun dersom noe annet ikke er spesifisert i  valgreglementet.

Når er det valg?

Valget finner sted på neste møte i Studenttinget (ST6), den  10. – 11. november i Haugesund. På møtet skal flere verv opp til valg, full oversikt finnes i listen under. Klikk på hvert verv for mer informasjon.

SEND INN KANDIDATSKJEMA

For å stille til ett eller flere av vervene, fyll inn eget kandidatskjema her.

Det skal veljast 3 vararepresentantar (4. – 6. vara).

Varigheit: Til og med 31.12.2018

Informasjon om vervet: Bergen Studentvelforening delar ut semesteravgiftsmidlar fordelt av Velferdstinget Vest, til organisasjonar som når ut til og yt velferd for studentane i Bergen.

Les mandatet til Bergen Studentvelforening her.

Det skal veljast 2 faste representantar derav 1 frå bachelorprogram og 1 frå masterprogram, og 2 vararepresentantar med krav om same programtilhøyrsle.

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Varigheit: Til og med 31.07.2019.

Informasjon om vervet: Forskings- og Utviklings-utvalet ved FHS er rådgjevande ovanfor fakultetsleiinga, og har fått delegert myndigheit til avgjersler i enkeltsaker.

Mandatet til FoU-utvalet ved FHS kan lesast her.

Det skal veljast 2 nummererte vararepresentantar, anten to mannlege vararepresentantar, eller éin vararepresentant av kvart kjønn, til Høgskulestyret frå valkrins sør (Stord/Haugesund).   

Honorar: Vararepresentantar honorerast for møteverksemd etter dei satsar som til ein kvar tid er satt av Kunnskapsdepartementet.   

Varighet: Til og med 31. juli 2019.

Informasjon om vervet: Styret er det øvste avgjerdstakande organet ved Høgskulen på Vestlandet. Høgskulestyret har ansvar for at all verksemd held høg kvalitet, og skal sikre effektiv drift i samsvar med dei lovar og reglar, rammer og mål som sentrale styremakter har satt.  

Det skal veljast 1 mannleg fast representant og 1 kvinneleg vararepresentant til klagenemnda. Vararepresentanten vil vere personleg vara for fast kvinneleg representant i klagenemnda.

Honorar: Medlemar av nemnda honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Varigheit: Til og med 31.07.2019.

Informasjon om vervet: Klagenemnda er eit lovpålagt organ, jf. Lov om universitet og høgskuler §5-1. Samansetninga av nemnda er regulert av lova.

Mandatet til klagenemnda kan lesast her.

Det skal veljast 1 representant til Komité for integreringsprisen i VT-Vest, med valperiode hausten 2018.

Varigheit: Til og med 31.12.2018

Informasjon om vervet: Integreringsprisen tildelast studentorganisasjonar eller enkeltpersonar som har gjort ein ekstra innsats for å inkludere internasjonale studentar i sin organisasjon, eller skapt ein arena der norske og internasjonale studentar kan knytte kontakt og venskap. Komité for integreringsprisen tildeler prisen basert på innkomne nominasjonar.

Mandatet til Komité for integreringsprisen kan lesast her.

Meir informasjon om integreringsprisen finn ein her.

Det skal veljast 2 studentrepresentantar til ei referansegruppe for revisjon av forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Varigheit: Til seinast 1. juni 2019

Honorar: Medlemar honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet Det vil snarleg bli oppnemnd ei arbeidsgruppe med ansvar for revisjon av HVL si Forskrift om studium og eksamen. I samband med dette er det ynskjeleg at arbeidsgruppa har ei referansegruppe som kan bidra med innspel og vurderingar undervegs. Me ønskjer at referansegruppa skal vere sett saman av administrativt tilsette/leiarar (t.d. studierettleiarar), vitskaplege leiarar, studentombodet og studentar, og at blant desse skal alle fakultet og studiestader vere dekka.

Når alle personane er på plass vil me sende ut ei oppnemning meir formell informasjon/mandat. Det vil bli opna for innspel tidleg i prosessane, så det er fint om innspel vert førebudd så raskt som råd. I tillegg vil det sjølvsagt bli høyringar mot slutten av revisjonsarbeidet.

Målsettinga er at revidert studieforskrift skal handsamast i høgskulestyret fyrste del av vårsemesteret 2019.

Det skal veljast 2 studentrepresentantar til ei referansegruppe for revisjon av opptaksregelverk ved HVL.

Varigheit: Til seinast 1. juni 2019

Honorar: Medlemar honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet Det vil snarleg bli oppnemnd ei arbeidsgruppe med ansvar for revisjon av HVL sitt opptaksregelverk. I samband med dette er det ynskjeleg at arbeidsgruppa har ei referansegruppe som kan bidra med innspel og vurderingar undervegs. Me ynskjer at referansegruppa skal vere sett saman av administrativt tilsette/leiarar (t.d. studierettleiarar), vitskaplege leiarar, studentombodet og studentar, og at blant desse skal alle fakultet og studiestader vere dekka.

Når alle personane er på plass vil me sende ut ei oppnemning meir formell informasjon/mandat. Det vil bli opna for innspel tidleg i prosessane, så det er fint om innspel vert førebudd så raskt som råd. I tillegg vil det sjølvsagt bli høyringar mot slutten av revisjonsarbeidet.

Målsettinga er at revidert opptaksregelverk skal vere implementert når HVL lyser ut studietilbod for studieåret 2019/2020.

Det skal veljast 3 medlemar til Regionråd midt. 

Varigheit: Til og med 31. juli 2019.  

Informasjon om vervet:

Regionrådet er eit underordna organ som tilhøyrar Studenttinget, og har ansvar for å implementere og arbeide med saker vedteke i Studenttinget sin region. Regionrådet skal òg oppnemne studentrepresentantar for midlertidige arbeidsgrupper som berre gjeld den respektive region, samt behandle fondssøknader i sin region. 

Mandatet til regionrådet kan lesast her.  

Det skal veljast 1 medlem til Regionråd Nord. 

Varigheit: Til og med 31. juli 2019.  

Informasjon om vervet : Regionrådet er et underordna organ som tilhøyrar Studenttinget, og har ansvar for å implementere og arbeide med saker vedteke i Studenttinget sin region. Regionrådet skal òg oppnemne studentrepresentantar for midlertidige arbeidsgrupper som berre gjeld den respektive region, samt behandle fondssøknadar i sin region. 

Mandatet til regionrådet kan lesast her.  

Det skal veljast 1 medlem til Regionråd Sør.

Varigheit: Til og med 31. juli 2019.  

Informasjon om vervet: Regionrådet er et underordna organ som tilhøyrar Studenttinget, og har ansvar for å implementere og arbeide med saker vedteke i Studenttinget sin region. Regionrådet skal òg oppnemne studentrepresentantar for midlertidige arbeidsgrupper som berre gjeld den respektive region, samt behandle fondssøknader i sin region. 

Mandatet til regionrådet kan lesast her.  

Det skal veljast 1 fast representant til Råd for likestilling, mangfald og inkludering.

Varigheit: Til og med 31.07.2019

Honorar: Medlemar av rådet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet

  • Rådet skal bistå høgskulestyret og administrasjonen i å vere merksame på forhold som kan lede til brot på lover og forskrifter som omhandlar likestilling og diskriminering.
  • Rådet skal foreslå tiltak for å fremje likestilling, mangfald og inkludering og ta initiativ til utredningar om slike tiltak.
  • Rådet skal vere et internt kompetanseorgan som bistår leiinga i saker som angår likestilling, mangfald og inkludering.
  • Rådet skal gjennom opplysningsarbeid arbeide for å auke forståinga for, og engasjement for, likestilling, mangfald og inkludering ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Rådet skal følgje med på høgskulens iverksetting av tiltak for å fremje likestilling, mangfald og inkludering.
  • Rådet skal bistå administrasjonen ved utarbeiding av planer for likestilling, mangfald og inkludering, og ta omsyn til at desse må sjåast i samanheng med øvrig planverk i institusjonen, som til dømes handlingsplanar for internasjonalisering og universell utforming.
  • Rådet har rett til å uttale seg om likestillingsaspekt i tilsetjingssaker.
  • Rådet har rett til å uttale seg om studieplanendringar og oppretting av nye fag kor likestillingsspørsmål kan kome inn.

Det skal veljast 1 fast representant til Samhandlingsutvalet ved HVL.

Varigheit: Til og med 31. juli 2019.

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet

Samhandlingsutvalet skal:

  • Gi råd i spørsmål knytt til strategi og overordna relevante problemstillingar og saker.
  • Gi råd i saker som gjeld rammevilkår og bidra til at samarbeid, samordning og heilskapleg tankegong blir tatt vare på.
  • Vere ein pådrivar for saker som kan bidra til at HVL når måla sine.
  • Stimulere til økt aktivitet og arbeide for å gjere HVL meir synleg.
  • Gi råd om kvalitetsarbeidet.
  • Rapportere årleg til styret om verksemda året før, med anbefalingar til tiltak som bør setjast i verk eller til områder som bør få særleg merksemd.

Det skal veljast 2 studentrepresentantar frå sjukepleieutdanninga til ei prosjektgruppe som skal arbeide med samkøyring av sjukepleieutdanninga ved HVL.

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Varigheit: til 31. juli 2019

Informasjon om vervet: Høgskulen på Vestlandet har fastsett gjennom Verksemdsmål 6 (Årsplan 2018 – styresak 13-18) at dei skal «Gjennomgå studieporteføljen med omsyn til ynskja profil, nivå og dimensjon på det samla studietilbodet til HVL, og setje i gang arbeidet med samordning av utdanningar for å utnytte fusjonsgevinstar». Bakgrunn for prosjektet: Fagleg profil, plattform og strategi seier at «Utdanningsløp skal samkøyrast på tvers av campusane på ein måte som sikrar vidareutvikling av lokale profiler og fagleg eigenart.

Ved Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) sine bachelorutdanningar står me i tillegg ovanfor eit større utviklingsarbeid sett i lys av nye nasjonale retningslinjer og ny forskrift:

  • Hausten 2017 fekk me ny Forskrift om felles rammeplan for alle helse- og sosialfaglege utdanningar, som skal vere implementert frå og med opptak til studieåret 2020/2021.
  • På nivået under forskriftsnivået kjem Kunnskapsdepartementet òg med ei tydelegare styring gjennom utvikling og oppfølging av nasjonale retningslinjer.

 FHS må utvikle og samordne fylgjande studieprogram:

  • Bachelor sjukepleie, heiltid og deltid, Førde
  • Bachelor sjukepleie, heiltid og desentralisert, Bergen
  • Bachelor sjukepleie, Haugesund
  • Bachelor sjukepleie, Stord

I samband med dette skal det utnemnast medlemar til prosjektgruppe for samkøyringsprosjektet. Prosjektet har oppstart haust 2018 og prosjektgruppa har følgjande samansetning:

  • Tolv medlemar + prosjektleiar
  • Prosjektleiar – 75 % stilling
  • Fem fagseksjonsleiarar
  • Fire fagtilsette (ein frå kvart campus)
  • Ein rådgjevar utdanning
  • Ein tillitsvald
  • To studentar

Det skal veljast 1 fast mannleg representant til Skikkavurderingsnemnda. 

Varigheit: Til og med 31. juli 2019.

Honorar: Medlemar av nemnda honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet: Skikkavurderinga skal sikre at barn, elever, pasientar og brukare av ulike tenester ikkje møter yrkesutøvarar som er uskikka for det arbeidsområdet dei har utdanna seg innanfor.

Skikkavurderingsnemnda er eit lovpålagt organ, jf. Lov om universitet og høgskular § 4-10. Nemnda sitt arbeid er regulert av Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning.

Du kan lese meir om Skikkavurderingsnemnda her.

Det skal veljast 5 vararepresentantar (4. – 8. vara) til Velferdstinget Vest.

Varigheit: Til og med 31. januar 2019.

Informasjon om vervet: Velferdstinget Vest er det studentpolitiske organet som jobbar med velferdspolitikk for alle studentane på Vestlandet. Sidan dei fleste høgare utdanningsinstitusjonane har valt å organisere sitt velferdstilbod gjennom Studentsamskipnaden Saman har òg studentane gått saman og oppretta eit organ som kan fremje alle studentane på Vestlandets velferdsbehov opp mot Saman, kommunane og fylkeskommunane.

Det skal veljast 1 vararepresentant.

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Varighet: Til og med 31.07.2019.

Informasjon om vervet: Tilsetjingsutvalet for undervisings- og forskingsstillingar har ansvaret for å tilsette alle i faglege stillingar ved eit fakultet. Det er utvalet som skal sjå til at tilsetjingsprosessen går riktig for seg og at den best kvalifiserte blir tilsett i stillinga som lysast ut på bakgrunn av dei lovar og forskrifter som er gitt. Utvalet skal òg vedta utlysingstekster, opprykkssøknadar, kommisjonsoppnemningar og permisjonar.           

Det skal veljast 1 vararepresentant til Tilsetjingsutvalet ved FLKI. 

Varighet: Til og med 31. juli 2019.

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet: Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskingsstillingar har ansvaret for å tilsette alle faglege stillingar ved eit fakultet. Det er utvalet som skal sjå til at tilsetjingsprosessen går rett for seg, og at den best kvalifiserte blir tilsett i stillinga som lysast ut på bakgrunn av dei lovar og forskrifter som er gitt.

Utvalet skal òg vedta utlysingstekster, opprykkssøknadar, kommisjonsoppnemningar og permisjonar.

Det skal veljast 1 bachelorstudent og 1 masterstudent til utvalet

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Varigheit: Til og med 31.07.2019 

Informasjon om vervet: Utdanningsutvalet skal gje innspel og råd til fakultetsleiinga i saker som gjeld utvikling og sikring av utdanningskvaliteten i alle ledd, utvikling av kultur for kvalitetsforbetring ved fakultet, sikre at studieplanar har høg kvalitet og at dei er i tråd med nasjonale krav og føringar, samt følgje opp det systematiske kvalitetsarbeidet ved fakulteta.

Mandatet til Utdanningsutvalet ved FHS kan lesast her.

Det skal veljast 1 vararepresentant (masterstudent) til Utdanningsutvalet ved HVL.

Varigheit: Til og med 31. januar 2019.

Honorar: Medlemar av utvalet honorerast etter statens satsar for utvalsgodtgjersle.

Informasjon om vervet

Utdanningsutvalet skal:

  • Bidra til å utvikle høgskulen som utdanningsinstitusjon og vere eit rådgjevande organ for høgskulens leiing og høgskulestyret i spørsmål som gjelder høgskulens forbetringsarbeid knytt til utdanningskvalitet, studie- og utdanningstilbod, inkludert internasjonalisering.
  • Gi råd i spørsmål om strategisk og prioritering innanfor høgskulens samla studietilbod, og etablering av nye gradsstudiar.
  • Sikre bruk / oppfølging / vidareutvikling / vedlikehald av høgskulens kvalitetssystem relatert til utdanningskvalitet og bidra til utvikling av kultur for kvalitetsforbetring
  • Sikre arbeidet med studie- og programutvikling, som omfattar inntakskvalitet (rekruttering), rammekvalitet, utdannings-/programkvalitet (inkl. pedagogisk kvalitet), resultat- og relevanskvalitet.
  • Sikre felles regler og retningslinjer som gjeld utdanningskvalitet og foreslå endringar / justeringar som for eksempel:
    • eksamensreglement
    • lærings- og vurderingsformer
    • læringsutbytte (kvalifikasjonsrammeverket)
    • mal for studieplan / fagplan
    • rapporteringsrutinar m.m.
  • Bidra til at internasjonalisering / den internasjonale dimensjon er integrert i alle studiar ved høgskulen for å styrke kvalitet og relevans i utdanningane og utvikling av internasjonalt orienterte fagmiljø.
  • Følgje opp evalueringar og tilfredsheitsmålingar som angår utdanningskvalitet – foreslå tiltak / utarbeide tiltaksplanar.
  • Bidra i arbeidet med årsrapport og årsplan innanfor området utdanning og internasjonalisering, i samsvar med styringskalenderen.
  • Stimulere til samarbeid og erfaringsutveksling som gjeld utdanningskvalitet med andre institusjonar, samt følgje med på den internasjonale utvikling innanfor området.

Det skal veljast 6 representantar til Valstyret i STVL.

Varigheit: Til og med 31.07.2019

Informasjon om vervet: Valstyret har ansvar for å finne kandidatar til val til Studenttinget, Arbeidsutvalet til Studenttinget, og val der Studenttinget er valforsamling. Valstyret har ansvar for den praktiske gjennomføringa av valet til Studenttinget, og for utrekning og sikring av dette valet i samråd med kontrollkomiteen.

I løpet av hausten skal Studenttinget gjennomføre eit nytt urneval og velje nye representantar for 2019. For å kunne gjennomføre dette treng me dyktige kandidatar som stiller til val. Valstyret skal vere med i rekrutteringsprosessen og få studentar til å stille. Det er viktig å få på plass eit valstyre som kan bidra og samarbeide med Arbeidsutvalet til å finne representantar til Studenttinget.

Valkomiteen skal ha følgjande samansetning:

  • 1 representant Førde
  • 1 representant Sogndal
  • 2 representantar Bergen
  • 1 representant Haugesund
  • 1 representant Stord
  • 1 medlem frå Arbeidsutvalet (er valt)

Spørsmål?

Ved spørsmål, send mail til studenttinget@hvl.no eller oppsøk ditt lokale arbeidsutvalg. Vi har kontorer på alle campus.