Cecilie Fredheim

Alder: 25

Studieprogram: Grunnskulelærar 5–10

Studieår: 4.

Studiested: Stord

Stiller til: Leder av arbeidsutvalget

Hvilket campus vil du ha som hovedarbeidsplass som leder? Stord

Cecilie Fredheim

Fortell hvorfor du stiller til valg, og hvilke egenskaper som vil gjøre deg til en god leder av arbeidsutvalget

Vørde Studentting.
Mi tid er komen, og eg stiller hermed til val. Eg har valt å berre skrive eitt kandidatskjema til begge verva i arbeidsutvalet som eg stiller til. Bakgrunnen for dette er enkel; motivasjonen min er den same, og mine eigenskapar og verdiar forandrar seg ikkje.

Sidan hausten 2016 har eg vore involvert i utviklinga av Høgskulen på Vestlandet på ulike arenaer. Eg har både vore på det overordna styringsnivået i høgskulestyret og svært aktiv i opprettinga av studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet.

I fusjonskomiteen vart det mykje blod, sveitte og frustrasjonstårer i prosessen med å skulle forme eit heilt nytt studentorgan frå botnen. Dei tre gamle studentparlamenta var svært ulike og hadde sine særtrekk, og personane dei hadde valt til å representere seg i fusjonskomiteen var.. representative. Fleire av oss vart valte som representantar i det fyrste Studenttinget, og nokre vart valte inn i det fyrste arbeidsutvalet. I mine to år som representant har eg fått vore med på å vidareutvikle organet ytterlegare og opparbeidd meg mange tankar om framtida.

Eg stiller til val fordi eg ynskjer å realisere desse tankane. Eg stiller til val fordi eg ynskjer å nytte den kunnskapen og erfaringane eg har opparbeidd meg dei siste åra til å skape eit studentdemokrati som bidreg til å gi studentane ved Høgskulen på Vestlandet best mogleg føresetnader for å trivast og lukkast.

Eg har ei rekke eigenskapar som gjer at eg vil bli eit godt medlem av arbeidsutvalet, og ein god leiar. Eg er omgjengeleg, hyggeleg og respektfull. Eg er ein lagspelar utan sidestykke, noko som er svært viktig i ei slik arbeidsgruppe. Eg evnar å sjå det beste i folk og potensialet dei har, samt å motivere dei til å utnytte det. Eg går aldri inn i eit verv utan å interessere meg for det, eller føle at eg er den som passar best. Og eg er dyktig i det eg driv med. Eg har ei brei erfaring frå alle verva eg har hatt, noko som gjer at eg lett kan setje meg inn i og relatere meg til problemstillingar på fleire forskjellige nivå. Eg har tidlegare erfaring som medlem i Hordaland Ungdommens Fylkesutval. Det fungerte som arbeidsutval for Hordaland Ungdommens Fylkesting, og har mange likskapstrekk med studentdemokratiet. Eg har også relevant leiarerfaring frå Studentersamfundet Stord.

Tusen takk for at du tok deg tid til å lese litt om meg. Godt val!

Eventuell relevant erfaring

  • Medlem, Hordaland Ungdommens Fylkesutval (januar 2013 – januar 2015)
  • Styremedlem, Studentersamfundet Stord (haust 2014 – vår 2015)
  • Leiar, Desisjonskomiteen, Hordaland Ungdommens Fylkesutval (januar 2015 – februar 2016)
  • Husansvarleg, Studentersamfundet Stord (vår 2015 – sommar 2016)
  • Representant, Studentparlamentet Høgskolen Stord/Haugesund (september 2015 – desember 2016)
  • Leiar og økonomiansvarleg, Studentersamfundet Stord (vår 2016 – vinter 2017)
  • Høgskolestyret, Høgskolen Stord/Haugesund (haust 2016)
  • Interimsstyret, Høgskulen på Vestlandet (haust/vinter 2016)
  • Fusjonskomité, Studenttinget på Vestlandet (vinter 2016/2017)
  • Styret, Høgskulen på Vestlandet (januar 2017 – juli 2018)
  • Representant, Studenttinget på Vestlandet (januar 2017 – desember 2018)
  • Styret, Høgskulen på Vestlandet (juli 2018 – juli 2019)