Cecilie Fredheim

Kva verv vil du stille til? Høgskulestyret

Kva slags rolle stiller du til? Både fast- og vararepresentant

Kvar studerer du? Stord

KVA HAR DU AV RELEVANT ERFARING?

Sidan eg gjekk på vidaregåande har eg engasjert meg i mange ulike verv, både på og utanfor skulen. For å gjere lista meir lesarvennleg presenterer berre eit utval. I samband med kandidaturet mitt til høgskulestyret er følgjande erfaring relevant:

– Representant, Studentparlamentet Høgskolen Stord/Haugesund (september 2015 – desember 2016)
– Høgskolestyret, Høgskolen Stord/Haugesund (haust 2016)
– Interimsstyret, Høgskulen på Vestlandet (haust/vinter 2016)
– Fusjonskomiteen, Studenttinget på Vestlandet (vinter 2016/2017)
– Styret, Høgskulen på Vestlandet (januar 2017 – juli 2018)

KVIFOR SKAL DU BLI VALT?

Eg er omgjengeleg, hyggeleg og respektfull. Derfor sit i eit høgskulestyre der eg er godt likt og blir tatt på alvor. Eg har tillit blant styreleiar, rektor og dei tilsette i styret.

For det første meiner eg at eg er blitt veldig god i rolla som studentvalt representant i styret. Eg er ein person som har svært god kontroll på sakspapir, tidlegare vedtak og kva som kjem framover. Eg evner å sjå heilheita av dei viktige sakene styret arbeider med. Eg får ofte tilbakemeldingar på at eg har ei unik evne til å få ut essensar og problemstillingar ikkje alle andre ser – til tross for tidvis overveldande mengder papir, og at dette er viktige og riktige perspektiv for styret. Mi breie erfaring frå alle verva eg har hatt, gjer at eg lett kan setje meg inn i og relatere meg til problemstillingar på fleire forskjellige nivå.

Som styremedlem vil eg prioritere arbeidet i den grad det burde bli prioritert – svært høgt. Det siste året har eg redusert mengda verv eg har for å fokusere på høgskulestyret. Høgskulen er i ein oppstartsfase, så dette er tida for å holde tunga beint i munnen og sørge for at ein har tid til å setje seg godt inn i papira. Eg har rydda timeplanen, og er fit for fight!

Du som les dette bør stemme på meg fordi motivasjonen min er botnsolid; eg ønsker å skape ein høgskule som har eit tydeleg studentfokus i sitt øvste organ. Eg arbeider for å skape ein høgskule der studentar får gjennomslag i saker som er oppe i styret. Eg ønsker å skape ein høgskule som ivaretar studentane sitt beste – på tvers av både studie og studiestad.

Om eg blir valt så lover eg at eg skal sørge for at studentperspektivet gjennomsyrer alt høgskulen driv med. Eg skal sørge for at dei strategiske anbefalingane til Studentombodet om studiekvalitet og læringsmiljø vert følgt opp. Eg vil sørge for at når styret tar opp søkjartal og gjennomføringstiltak i juni, saker som studentane i styret har bedt om å få på dagsorden, så sit ein att med gode tiltak som skal betre rekrutteringa – og eg skal sørge for at desse tiltaka vert gjennomført. Eg vil ivareta omsynet til studentane, og ikkje minst by og region, når studentporteføljen skal opp til behandling, og det samla studietilbodet skal behandlast i november. Eg har konkrete planar for korleis eg vil sørge for at resultata av Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT), som kjem i oktober, blir følgt opp med konkrete tiltak som betrar studiesituasjonen til den enkelte student.

Tusen takk for at du tok deg tid til å lese litt om meg.
Dersom du har nokre spørsmål så er det berre til å ta kontakt: 137142@stud.hvl.no eller 48237849

Godt val!