Cecilie Fredheim

Fullt navn: Cecilie Fredheim
Alder: 24
Campus: Stord
Studieretning: Grunnskulelærar 5-10
Studieår: 5.

 

 

Stemmer du på meg får du ein engasjert og erfaren representant. Ein representant som er opptatt av at studentar på Stord og i Haugesund blir høyrt. Ein representant som lyttar til ulike synspunkt og løftar dei i debatten. Du får ein representant som skal jobbe for at Studenttinget får gjennomslag på høgskulen. Ein representant som er opptatt av at studentar ved Høgskulen på Vestlandet skal trivst og lukkast.

 

Kort om saker du brenner for, og ønsker å jobbe med:

Eg brenn for at meiningane til studentane på Stord og i Haugesund skal bli høyrt i høgskulen sitt øvste studentpolitiske organ; Studenttinget. Eg ynskjer å bidra til å utvikle Stord som studiestad, og studieby.

Hvorfor bør man stemme på deg i Studenttingsvalget?

Du bør stemme på meg fordi eg er ein engasjert person med mykje erfaring frå ulike verv på høgskulen. Eg forstår korleis systema fungerer, og korleis eg kan sikre studentane mest mogleg medverking og gjennomslag.

Stemmer du på meg så får du ein representant i Studenttinget som lyttar, tek omsyn og gjer sitt beste for at alle studentar ved Høgskulen på Vestlandet skal ha ei god studietid. Eg studerer på Stord, men eg er opptatt av å sikre at synspunkta til både studentar på Stord og i Haugesund vert tekne med i debattane i Studenttinget. Samstundes er eg opptatt av å skape eit godt Studentting som har stor påverkingskraft inn mot høgskulen. Rektor skal henvende seg til Studenttinget først i viktige saker.

Eg håper du vil stemme på meg.

Godt val!

Eventuell relevant erfaring
  • Representant, Studentparlamentet ved Høgskolen Stord/Haugesund, september 2015 – desember 2016
  • Høgskolestyret, Høgskolen Stord/Haugesund, hausten 2016
  • Interimsstyret, Høgskulen på Vestlandet, hausten 2016
  • Fusjonskomiteen, Studenttinget på Vestlandet, vinteren 2016/2017
  • Styret, Høgskulen på Vestlandet, januar 2017 – d.d.
  • Representant, Studenttinget på Vestlandet, januar 2017 – desember 2018