Lilly Veim Eikje

Fullt navn: Lilly Veim Eikje
Alder: 22
Campus: Bergen
Studieretning: Bioingeniør
Studieår: 3.

 

 

Om eg får din stemme, vil eg gjera mitt beste for at alle studentar skal få eit godt fagleg og sosialt utbytte av studiet sitt på HVL.

 

Kort om saker du brenner for, og ønsker å jobbe med:

Studiekvaliteten – at alle studium ved HVL er fagleg utfordrande, givande og praktisk retta mot arbeidslivet. Sosialt samhald, engasjement og inkludering – at alle studentar på skulen skal få det meste ut av si tid på HVL.

Hvorfor bør man stemme på deg i Studenttingsvalget?

Eg draumar om eit HVL der studentar, forelesarar og andre ansette lyttar til kvarandre og saman skapar den beste versjonen av sine studium. Det er de, studentane som veit kva som er bra og mindre bra med deira utdanning. Difor er det så viktig at me kan nytta vår stemme til å betra studiet, både no og for dei som kjem etter oss. Med denne draumen vil eg arbeida for at det skal bli enkelt for den jamne student å vera med å betra sitt studium. Ikkje berre det, men å betra miljøet på skulen med å vera med å leggja til rette for sosiale og faglege arrangement som bind skulen og studentane saman, der alle vert sett.

Eventuell relevant erfaring
  • Tidlegare fag- og forskinsansvarleg ved studentrådet AIØ/FIN
  • Tidlegare med i Regionrådet midt (Regionråd for Campus Bergen)
  • Sektretær i linjeforeninga Biolas
  • Fast representant for studenttinget på vestlandet (forgje periode)