Noel-Sophie Schneider

Fullt navn: Noel-Sophie Schneider
Alder: 20
Campus: Sogndal
Studieretning: Jus, årsstudium
Studieår: 1.

 

 

Eg står for det eg meiner. Eg ønsker å fremme studentanes sakar for å gjere studiekvardagen betre. Det er viktig at studentane kan vere med på å bestemme studiekvardagen sin.

 

Kort om saker du brenner for, og ønsker å jobbe med:

Eg er opptatt av at alle studentar ved høgskulen skal ha det bra, ikkje måtte føle seg einsam og at dei trives uansett kva campus dei studerer ved. Eg er også opptatt av å forbetre læringsmiljøet for studentane ved HVL, eg ønsker betre kommunikasjon mellom forelesere og sjølve høgskulen og at me som studentar får betre og klarer informasjon enn det enkelte får i dag. I tillegg ønsker eg få på plass fleire stikkontakter på Fossbygget! Det kan fort bli demotiverende når ein ikkje kan delta fullt i timane fordi ein skulle vere tom for straum på pcen og dei få stikkontaktene tilgjengelege allereie er tatt av medstudentar. Eg er tillegg opptatt av at studentar med praksistid under studiane skal få tilrettelagt praksis betre og gratis.

Hvorfor bør man stemme på deg i Studenttingsvalget?

Folk skal stemme på meg fordi eg har eit ønske om å gjere studiekvardagen betre for alle. Eg er engasjert, imøtekommande og viljesterk. Er det ei sak eg har bestemt meg for å få gjennomslag på, så gir eg ikkje opp før dette har skjedd. Eg tør å seie det eg meiner og stå for det! Eg er innstilt til å gjere ein innsats, og å utgjere ein forskjell for studentane! Det er viktig at me studentar har ei stemme og at me skal kunne vere med på å bestemme studiekvardagen vår. Eg ønsker derfor å vere ein av stemmane for studentane ved HVL, og spesielt campus Sogndal. Lurer dåke på noko så ta gjerne kontakt med meg! Godt val.

Eventuell relevant erfaring

Tillitsvalgt for studentane på jus, årsstudium og økonomi og jus.