Stian Sunde

Alder: 29

Studieprogram: Idrettsvitskap

Studieår: Ferdig no

Studiested: Sogndal

Stiller til: Medlem av arbeidsutvalget

Førstevalg: Sogndal 100%

Andrevalg: Sogndal 100%

Stian Sunde

Fortell hvorfor du stiller til valg, og hvilke egenskaper som vil gjøre deg til et godt medlem av arbeidsutvalget

Kjære, Studentting. No skal dykk nok ein gong velje kven som skal jobbe for dykk og vere dykkar andlet utad det komande året. Og eg legg med dette mitt namn i valhatten.

Ei stemme på meg er ei stemme for tryggleik. Dykk kan vere trygge på at eg vil arbeide utrøytteleg for dei sakane som kjem opp. Studentane ved HVL kan vere trygge på at dei kan kome til meg med både store og små utfordringar og at dei vil møte opne armar og ei løysingsorientert haldning. Arbeidsutvalet kan vere trygge på at dei får ein varm og ærleg kollega som kan spele andre gode. Gjennom mine seks år som student i Sogndal og eitt år i Arbeidsutvalet har eg bevist for meg sjølv og dei rundt meg at eg er tålmodig, inkluderande og motiverande. Kombinert med fleksibilitet og eit stort nettverk, har eg verkeleg funne meg til rette i denne stillinga, kor eg får bruk for all min kompetanse og samstundes lærer mykje nytt kvar dag.

Ei stemme på meg er ei stemme for studenten. Min hjartesak er nettopp det; studenten. Individet bak denne tittelen. Anten det er velferd, inkludering, utdanningspolitikk eller lokale/regionale utfordringar, vil eg alltid jobbe for at studiekvardagen skal vere så god som mogleg for dei som vel å studere ved Høgskulen på Vestlandet. Alt eg har vore med på og oppnådd i tida mi i Sogndal har kome frå eit grunnleggande ynskje om at alle rundt meg skal ha det bra og bli sett. Å kunne jobbe med dette på heiltid, og for skolen og studentmiljøet eg har blitt så glad i, har vore ein fryd og eit privilegium. Men det har òg bydd på motstand. Tungrodd organisering, byråkratiske flaskehalser og seige bakkar er ein del av kvardagen i politikken, har eg no fått oppleve. Heldigvis trivast eg best i motbakke. Og skal ein ha utsikt må ein både jobbe for det og tåle litt vind. Me er jo tross alt på Vestlandet.

Eg stiller attval til Arbeidsutvalet fordi eg framleis er utruleg motivert for det, eg har mykje meir å gi, og det er fyrst no eg verkeleg byrjar å få dreisen på det her.

Fred og kjærleik,
Stian.

Eventuell relevant erfaring

Gjennom mi tid som student har eg brukt mesteparten av fritida (og ein god del av skuletida) på å engasjere meg i studentmiljøet. Dette har eg gjort i ein heil del ulike verv og stillingar. Her er ein oversikt på dei meste relevante.

Studentpolitiske verv

  • Velferdstinget Vest 2019–
  • Medlem av Arbeidsutvalet i Studenttinget på Vestlandet 2018–2019
  • Tilsetjingsutvalet HVL (Sogn og Fjordane), 2017–2018
  • Medlem i Studentparlamentet HISF, aug 2016–jan 2017
  • Tillitsvald Master Idrettsvitskap, 2015–2017
  • Fagutval Master Idrettsvitskap, 2015–2017
  • Styret i Studentparlamentet HiSF (1.vara), 2013–2014
  • Tillitsvald – Bachelor Idrett, Fysisk aktivitet og Helse, 2012–2015
  • Fagutval – Bachelor Idrett, Fysisk aktivitet og Helse, 2012–2015

Studentorganisasjonar

  • Bookingansvarleg Studenthuset Meieriet og VEKAO, 2016–2018
  • Styreleiar Studenthuset Meieriet, 2015–2016
  • Leiar for Quizgruppa Studenthuset Meieriet, 2014–2016